Øl Festival

Details

Ølbrygging er ”hot” om dagen, og mikrobrygging på heimebane veks opp som den nye store hobbyen. Difor skipar Oseana til vestlandsk ølfestival, laurdag 20. juni 2015! Same dag kjem Statsraad Lehmkuhl til Os og på kvelden dreg kulturkontoret og Os kommune i gong rekebord med bryggedans. Det blir ein god del menneske på Os denne laurdagen, og for å gjere det til riktig ein folkefest vil vi toppe det med ein ølfestival med vestlandsk profil!

Festivalen vil føregå over heile huset, både ute og inne. Det blir stand frå ulike etablert mikrobryggeri, med moglegheit for smaksprøvar, og fleire korte foredrag om ulike tema knytte til øl i løpet av dagen. I tillegg vil vi ha konkurranseklasse for heimebryggarar, noko vi håpar vil bli ein skikkeleg publikumssuksess! Ølet vil bli vurdert av ein profesjonell jury, med både lokale og regionale ølkjennarar i panelet. Det er også moglegheit for å melde seg på eit bryggerikurs i førekant av dagen, og lære å brygge øl der!

Restauranten vil supplere med passende menytilbud til publikum gjennom dagen og vi håpar dette kan bli en super øl-kulturdag på Os!

https://www.facebook.com/events/893574607361470/

No contact information provided



Discussion

No comments added yet

299 characters max

Are you attending?

Going

Attendees